Song i himmelsalar
JON ANDERS HALVORSEN, TRAD. : KYRKJEKVAD, TRAD. : SONGFUGLEN · SYRGJESONG · FAGER FRETTNAD · SYNG I STILLE MORGONSTUNDER · HYRDINGEN · SJÅ, DAGEN SPRETT · VÅRSALME · ORMEN OG ØRNEN · BEKKEN · KLOKKERIM · HAV OG HIMMEL DYNJA · EG TRUR · KVELDSONG · NO KOMA GUDS ENGLAR (All lyrics: Elias Blix)
Dvergmål: Jon Anders Halvorsen, Marit Mattisberg Karlberg, Øyonn Groven Myhren, Turid Spildo
Tittel
Spilletid
-
1 - SONGFUGLEN
02:39
-
2 - SYRGJESONG
03:14
-
3 - KYRKJEKVAD
02:24
-
4 - FAGER FRETTNAD
02:15
-
5 - SYNG I STILLE MORGONSTUNDER
03:19
-
6 - HYRDINGEN
03:49
-
7 - SJÅ, DAGEN SPRETT
02:20
-
8 - VÅRSALME
03:39
-
9 - ORMEN OG ØRNEN
02:15
-
10 - BEKKEN
02:47
-
11 - KLOKKERIM
02:36
-
12 - HAV OG HIMMEL DYNJA
03:36
-
13 - EG TRUR
02:57
-
14 - KVELDSONG
01:39
-
15 - NO KOMA GUDS ENGLAR
03:23
Du kan også handle digital musikk via musikkonline.no
Dvergmål er etter 8 år tilbake med ny utgjeving.
Den unge folkemusikkgruppa spelte i 1996 inn plata Visor og kvæde frå Blåberglandet, og endte med å bli Spelemannpris-nominert. No er dei tilbake med ein CD der fire erfarne kvedarar syng sjølvarrangerte folketonar frå alle landslutar. Her lagar fire kvedarstemmer ein særmerkt dåm med einstemd eller fleirstemd song, nokre gonger ispedd eige spel på langeleik, hardingfele, lyre, harmonium og seljefløyte.
Inspirert av Elias Blix
Song i himmelsalar er bygd kring diktinga til Elias Blix (1836-1902). Då Hallgrim Berg ved Den Norske Folkemusikkveka tinga ein konsert med Blix sine songar og salmar i 2002, tok Dvergmål oppfordringa. Dei hadde alt på 90-talet arbeidd med Blix, og under lauvsprettinga på Ål i 2002 såg Blixkonserten dagsljoset. Det er i hovudsak tilfanget Dvergmål framførde den gongen som no er innspelt.
Nynorsk salmeskald
Fiskarsonen Elias Blix frå Gildeskål i Nordland var Noregs fyrste store nynorske salmeskald, i tillegg til å vera professor i hebraisk på Universitetet i Oslo og kyrkjestatsråd. Songane og salmene til Blix blei fyrst møtt med spått og hån, fordi mange syntes at skaparverket ikkje kunne lovprisast på slikt eit språk. Fyrste gongen ein Blix-salme blei bruka i den norske kyrkja var under joledagsmessa i Lårdal i Telemark i 1884. Det var eit lovbrot, men etterkvart blei salmane godkjende til kyrkjebruk, og endå viktigare: særs omtykte blant lek og lærd. Snart slo salmar som "No livnar det i lundar", "Barndomsminne frå Nordland" og "No koma Guds englar" seg fast i songminnet til mang ein nordmann.
Medvirkande
Medlemmene i Dvergmål er: Jon Anders Halvorsen (song og harmonium, frå Lunde i Telemark, busett i Oslo), Marit Mattisgard (song og langeleik, frå Valdres), Øyonn Groven Myhren (song, lyre og seljefløyte, frå Oslo), Turid Spildo (song og hardingfele, frå Granvin i Hardanger, busett i Reykjavik).
Song i himmelsalar er spelt inn i Ris Kirke i Oslo. Produsent er Leiv Solberg og teknikar er Tor Magne Hallibakken.
Dvergmål
-
Utgivelse:
15.09.2004
-
EAN:
7033662071920
-
Katalognummer:
HCD7192
-
Priskategori:
1CDK
Sjanger:
Traditional | Folk Music | Norwegian
Din handlekurv
Produkter lagt i din handlekurv












































![40 Spor [2 CD]](/sitefiles/site1/shop/40-spor-2-cd_3_2011-12-09-11-32-02.jpg)





